Vendingo Utta'Om Råket

Vendingo Utta'Om Råket

Vinyl
€27.45
File under: 
Pop/Rock  ›  Folk  ›  Pling Plong

Label: 

Vinyl: 

EAN: 

194491291143

Catalog number: 

MOT4LP

Release date: 

30.08.2019

Info: 

Motvind Records gjev ut komposisjonar av felespelaren Hans Kjorstad.

Vendingo utta'om råket er ein tittel som spelar på komponisten sin hang til gåturar på og utanfor skogsstiar og som også seier noko om det episodeaktige eller snarare cinematiske ved opplevinga av plata som heilheit.

«Albumet består stort sett av melodiar eg har plystra eller nynna på under turar i skog og mark, gatelangs eller over jorder og andre opne landskap. Melodiane har eg så arrangert for kvartetten og prøvd å meisle ut ei storform» uttalar komponisten.

Musikken vart til over ei 5-års periode fylt av alskens musikk for Kjorstad. Etter å ha hatt Haltli, Thelin og Johansen som vegleiarar på musikkhøgskulen i Oslo vart verket urframført som bacheloreksamen hans i juni 2017. Plata som no fins består av ei revidert utgåve av denne musikken, og er spelt inn i Studio Paradiso med Marcus Forsgren bak spakane. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er eit visst gap i både alder og erfaring mellom den unge felespelar og dei andre utøvarane på plata. Komponisten ynskjer å uttrykke ein ærbødig takk til dei tre lyttande, jordnære og ikkje så lite ekstraordinære musikarane han har fått med seg: Frode Haltli, Håkon Thelin og Per Oddvar Johansen.

Plata gis ut digitalt og i 100 eksemplar på vinyl. Vinylomslaga har Kjorstad sjølv trykka for hand, og både motivet og teksta på framsida og baksida er skore ut i tre.

Tracklist: 

1. Ei Kjensle...
2. Forgreining
3. Innleiing
4. Gange Over Ein Tonekrans
5. Stykkje For Trekkspel
6. Utviing
7. Vårlåt
8. Snålingen
9. Ymse Sørgjelege Drag
10. Parti Frå Lunden Grøn
11. Det Dryp
12. Nyop Gaardheim